fredag 1. mai 2009

Siste innspurt

No skal eg snart levere bloggen, så eg må nesten skrive ned det siste eg tenkte eg skulle skrive på denne bloggen :)

I norrønt språk brukte dei kasusa til å bøye substantiva. Akkurat slik som i dei andre nordiske språka, som eg har nemt før :) Dykk hugsar kanskje at eg har nemt nominativ, akkusativ, genitiv og dativ. Desse kasusa brukte altså vi i Noreg for leenge sidan. 

Nominativ brukte dei for å vise at substantivet var subjekt. Dersom substantivet var direkte objekt, brukte dei akkusativ for å vise dette. Genitiv viste at substantivet uttrykte eigedomsforhold, og dativ brukte dei for å vise at substantivet stod i indirekte objekt. Det raraste er at også særnamna blei bøygde slik! Teng deg det da! At namnet ditt blir endra alt ettersom kva ledd du er i setninga! Det er ein uvand tanke for oss som snakkar moderne norsk. 

Mormora mi har ein tedens til å bruke dativ til tider :) Dersom dykk har lese dei tidlegare innlegga, har eg vist døme på dativ i dei andre nordiske språka, der orda får endinga -um, som i færøysk og islandsk. Mormora mi kan altså finne på å seie benkinum til benken :D Ganske morosamt for oss ungdommar å høyre slike gamle, norrønske ord, når vi er vande med moderne norsk. Dette viser også at det var store likskapar mellom dei nordiske språka då vi hadde norrønt. Det kan faktisk sjå ut som om språka var likare då, sidan Noreg også brukte kasus då, slik som dei andre nordiske språka. No glir språka lenger vekk frå kvarandre, sidan kasusa byrjar å forsvinne, i alle fall i Noreg. 

Noko som er likt både i norrønt språk og i moderne norsk språk er at verba blei bøygde i tid :)
Men i norrønt blei også verba bøygde i tal og person. Det høyrtest vanskeleg ut, så eg skal prøve å forklare det slik at det blir lettare å skjøne. Det går rett og slett ut på at dersom subjektet var eintal, var også verbet eintal. Og omvendt, når subjektet var fleirtal, var verbet fleirtal. Og om subjektet var 1., 2. eller 3. person eintal var også med å avgjere forma på verbet. Altså, verbet var annleis om ein snakka om ho, han eller det. 
Eg forstår det slik at dei må ha hatt mange versjonar av det same verbet i norrønt ! 

Det er også ein annan ting som har endra seg ettersom vi har gått over til moderne norsk. I moderne norsk er vi vande med at verbalet er det andre setningsleddet i forteljande heilsetningar. Det var ikkje tilfellet i norrønt. Der kunne verbalet variere plassen sin i forteljande heilsetningar. 

Også subjektet hadde ein annan plass i norrønt enn det har i dag i moderne norsk. Vi er vande med subjektet står anten rett før eller rett etter  verbalet. Men i norrønt kunne det til dømes kome til slutt i setninga. 

Det var i grunnen det eg hadde tenkt å skrive om norrønt språk :) Eg har no lagt fram kunnskapsmålet: 
Gjere greie for likskapar og forskjellar mellom dei nordiske språka og mellom norrønt og moderne norsk språk. 

Håper dykk er einige i meg når eg seier meg ferdig med dette kunnskapsmålet :) Eg har lært mykje om både nordiske språk og norrønt språk, og eg håpar de som har lese denne bloggen har gjort det same :) 

Kjelda som eg har brukt er norsk - boka vår, Tema. 

Takk for merksemda :) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar