onsdag 29. april 2009

Nytt kunnskapsmål, nye moglegheiter :D

Long time no see. Det er så mykje å gjere på skule no til dags, at det er ikkje så lett å snike inn blogginga inn i mellom alt anna. Men nå skal eg blogge :) 

Eg gløymde forresten å skrive førre gong at islandske barn får etternamn etter faren. I mitt tilfelle hadde det blitt Anne-Stine Nilsdotter. Eller Nilsdottir? Eg trur det òg går. 

Nok om det :) No skal eg ta til på andre halvdel av kunnskapsmålet som seier at eg skal gjere greie for likskapar og forskjellar mellom norrønt og moderne norsk språk. Heldigvis ikkje eit langt, vanskeleg kunnskapsmål som er umogleg å skjøne :) Dei har vi nok av. 

Eg får vel berre ta fatt på oppgåva :) Nytt kunnskapsmål, nye moglegheiter :D

Eg kan byrje med ein likskap :) Begge dele er skrivne med det latinske alfabetet, altså det vanlege alfabetet som vi er vande med. Men norrønt skil seg litt ut. Dykk har sikkert sett at dei har eit par bokstavar som vi ikkje brukar no lenger. Dei har tre bokstavar som skil seg ut. 
Det er: 
ð som er stungen d. merkeleg namn. Den uttalast th, som i ordet this på engelsk.
Den andre bokstaven er Þ. Den har eit enda meir merkeleg namn, thorn. Den også uttalast th, men som i ordet thing. Eg måtte sei det inni meg mange gonger for å merke forskjellen på korleis dei uttalast. Eg var i grunnen overbevist om at this og thing uttalast likt på engelsk, men dersom du uttalar det høgt for deg sjølv mange gonger, merkar du faktisk forskjell. 
Den tredje og siste bokstaven som skil seg frå det latinske alfabetet vi brukar i dag, er ƍ som er ein o med kvist. Den blir uttalt som o i port. Eg veit faktisk ikkje om det er engelsk eller norsk dei har samanlikna det med. 

Tenkte eg skulle avslutte dagens innlegg med litt færøysk :D
Hundurin er friskur. 

:) 
 

torsdag 23. april 2009

Likskapar og forskjellar mellom dei nordiske språka

Her kjem dagens innlegg :) I går skreiv eg om likskapane og forskjellane mellom dei nordiske språka. Det skal eg halde fram med i dag. 

Det som er felles med alle dei nordiske språka er at verbalet er setningsledd nr. 2. Ganske rart å tenkje på i grunnen at uansett om du reiser til Færøyane eller Danmark, så er verbalet alltid nr. 2 i setninga. Eg har faktisk aldri tenkt nok  særleg over det i norsk. Det er litt rart når du byrjar å tenkje over slike ting. 

Noko anna som er felles for alle dei nordiske språka, er at substantiva kan delast inn i ulike grammatiske kjønn. Det høyrest særs komplisert og vanskeleg ut, men det er ikkje så veldig komplisert. Det betyr rett og slett at vi deler substantiva inn i hokjønn, hankjønn og inkjekjønn. Det varierar kva kjønn dei ulike språka deler inn i. Norsk har kjønna felles med færøysk og islandsk; hokjønn, hankjønn og inkjekjønn. 

I Danmark og Sverige gjer det dei annleis. Der brukar dei berre inkjekjønn og felleskjønn. Akkurat det med felleskjønn synest eg er litt vanskeleg å forstå. Eg veit faktisk ikkje heilt kva det er, for å vere heilt ærleg. Men eg trur det betyr at ein legg til ei -en ending. På dansk heiter det i alle fall hesten og bogen i felleskjønn. Gjerne korrekter meg dersom eg tek feil her. 

Felleskjønnet finst også faktisk i bokmål, noko som er enda rarare enn sjølve kjønnet synest eg. Eg har aldri høyrt om kjønnet før, også har vi det i bokmål?! Merkelege saker. Dette gjer i alle fall at Noreg skil seg litt ut, fordi vi seier at vi har tre kjønn i Noreg, men vi kan også bruke to kjønn i bokmål. Litt forvirrande, så her gjeld det å halde tunga rett i munnen. 

Det ser ut som om det blir berre verre. Det viser seg at ein kan bruke to kjønn i rikssvensk og riksdansk også. I tillegg finn vi det igjen i gamle bydialektar som københavnsk, stockholmsk, bergensk og austnorsk. Det viser seg altså at tokjønssystemet er på veg inn i både Sverige og Danmark. 

Litt forvirrande info, men får prøve å halde hovudet kaldt inn i mellom alle tokjønnssytema og trekjønssystema. 

onsdag 22. april 2009

Oppklaring

Tenkte eg skulle oppklare at denne bloggen er ei norsk-oppgåve :)

Nordiske språk

Ja, tenkte eg berre skulle byrje rett på :)
I fylgje kompetansemålet skal eg gjere greie for liskapar og forskjellar mellom dei nordiske språka. Kanskje nokre av dykk er usikre på kva dei nordiske språka er. Det er ganske enkelt norsk, svensk, dansk, islandsk og færøysk. Kjende språk for alle saman :)

Sidan desse landa ligg nærme kvarandre, er det mange ord som er like. Men det er slik at skriftspråket er likare enn talespråket. Ta til dømes danskane. Det er ganske umogleg å skjøne kva dei seier til tider, i alle fall dersom dei snakkar kjempefort og snøvlar seg gjennom setningane. Det er ikkje like vanskeleg å skjøne kva dei skriv, for der er orda til tider særs like dei norske orda. Sjølv om det er mange ord som er like, er det mange ord som er særs ulike også. Ta til dømes ordet pusse. Den norske tydinga er å gjere blank, men den svenske tydinga er kysse. Slike ord som har ulik tyding, men som høyrer til nærbeslekta språk, blir kalla "falske vener." Alle kan vel tenkje seg situasjonar der ein kan brenne seg hardt på "falske vener." Sjå for deg ein sundags ettermiddag du seier til den svenske naboen din at du skal ut å pusse bilen. Då får du nok eit litt rart blikk tilbake. 

Dersom du kan tysk, er du nok godt kjend med dei ulike kasusa; nominativ, akkusativ, genitiv og dativ. Det er substantiva som blir bøygde etter desse kasusa. 
I norsk har vi særs få tilfelle av desse kasusa. Vi har fortsatt litt genitiv, men det er på veg ut. Døme på slike genitiv er Olas bil eller Gerdas frisørsalong. 
I færøysk finn du nominativ, akkusativ og dativ. Dersom ein tek ordet "hund," seier færøyingane hundurin i nominativ, hundin i akkusativ og hundinum i dativ.
På Island brukar dei nominativ, akkusativ, genitiv og dativ. På islandsk seier dei hundurinn for "hund" i nominativ, hundinn i akkusativ, hundinum i dativ og hundsins i genitiv.

Felles for alle dei nordiske språka er at vi bøyer personlege pronomen etter kasus. Der er det berre to kasus; nominativ og akkusativ. 
På norsk seier vi til dømes eg og meg.
På dansk seier dei jeg og mig.
På svensk seier dei jag og mig.
På færøysk heiter det eg og meg og på Island seier dei ég og mig. 

Ganske likt der altså :) 

Det trur eg var nok om dei nordiske språka for denne gong :) 

-Bloggast :) 

tirsdag 21. april 2009

Velkomen :)

Dette er ein norsk-blogg, eller fag-blogg. Det er difor eg skriv på godt nynorsk :) 
Her skal eg då etter kvart blogge om nordisk språk, norrønt språk og moderne norsk språk. Forhåpentlegvis :) 
Vil gjerne ha seriøse kommentarar på det eg skriv av fagstoff og liknande.