torsdag 23. april 2009

Likskapar og forskjellar mellom dei nordiske språka

Her kjem dagens innlegg :) I går skreiv eg om likskapane og forskjellane mellom dei nordiske språka. Det skal eg halde fram med i dag. 

Det som er felles med alle dei nordiske språka er at verbalet er setningsledd nr. 2. Ganske rart å tenkje på i grunnen at uansett om du reiser til Færøyane eller Danmark, så er verbalet alltid nr. 2 i setninga. Eg har faktisk aldri tenkt nok  særleg over det i norsk. Det er litt rart når du byrjar å tenkje over slike ting. 

Noko anna som er felles for alle dei nordiske språka, er at substantiva kan delast inn i ulike grammatiske kjønn. Det høyrest særs komplisert og vanskeleg ut, men det er ikkje så veldig komplisert. Det betyr rett og slett at vi deler substantiva inn i hokjønn, hankjønn og inkjekjønn. Det varierar kva kjønn dei ulike språka deler inn i. Norsk har kjønna felles med færøysk og islandsk; hokjønn, hankjønn og inkjekjønn. 

I Danmark og Sverige gjer det dei annleis. Der brukar dei berre inkjekjønn og felleskjønn. Akkurat det med felleskjønn synest eg er litt vanskeleg å forstå. Eg veit faktisk ikkje heilt kva det er, for å vere heilt ærleg. Men eg trur det betyr at ein legg til ei -en ending. På dansk heiter det i alle fall hesten og bogen i felleskjønn. Gjerne korrekter meg dersom eg tek feil her. 

Felleskjønnet finst også faktisk i bokmål, noko som er enda rarare enn sjølve kjønnet synest eg. Eg har aldri høyrt om kjønnet før, også har vi det i bokmål?! Merkelege saker. Dette gjer i alle fall at Noreg skil seg litt ut, fordi vi seier at vi har tre kjønn i Noreg, men vi kan også bruke to kjønn i bokmål. Litt forvirrande, så her gjeld det å halde tunga rett i munnen. 

Det ser ut som om det blir berre verre. Det viser seg at ein kan bruke to kjønn i rikssvensk og riksdansk også. I tillegg finn vi det igjen i gamle bydialektar som københavnsk, stockholmsk, bergensk og austnorsk. Det viser seg altså at tokjønssystemet er på veg inn i både Sverige og Danmark. 

Litt forvirrande info, men får prøve å halde hovudet kaldt inn i mellom alle tokjønnssytema og trekjønssystema. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar