I fylgje kompetansemålet skal eg gjere greie for liskapar og forskjellar mellom dei nordiske språka. Kanskje nokre av dykk er usikre på kva dei nordiske språka er. Det er ganske enkelt norsk, svensk, dansk, islandsk og færøysk. Kjende språk for alle saman :)
Sidan desse landa ligg nærme kvarandre, er det mange ord som er like. Men det er slik at skriftspråket er likare enn talespråket. Ta til dømes danskane. Det er ganske umogleg å skjøne kva dei seier til tider, i alle fall dersom dei snakkar kjempefort og snøvlar seg gjennom setningane. Det er ikkje like vanskeleg å skjøne kva dei skriv, for der er orda til tider særs like dei norske orda. Sjølv om det er mange ord som er like, er det mange ord som er særs ulike også. Ta til dømes ordet pusse. Den norske tydinga er å gjere blank, men den svenske tydinga er kysse. Slike ord som har ulik tyding, men som høyrer til nærbeslekta språk, blir kalla "falske vener." Alle kan vel tenkje seg situasjonar der ein kan brenne seg hardt på "falske vener." Sjå for deg ein sundags ettermiddag du seier til den svenske naboen din at du skal ut å pusse bilen. Då får du nok eit litt rart blikk tilbake.
Dersom du kan tysk, er du nok godt kjend med dei ulike kasusa; nominativ, akkusativ, genitiv og dativ. Det er substantiva som blir bøygde etter desse kasusa.
I norsk har vi særs få tilfelle av desse kasusa. Vi har fortsatt litt genitiv, men det er på veg ut. Døme på slike genitiv er Olas bil eller Gerdas frisørsalong.
I færøysk finn du nominativ, akkusativ og dativ. Dersom ein tek ordet "hund," seier færøyingane hundurin i nominativ, hundin i akkusativ og hundinum i dativ.
På Island brukar dei nominativ, akkusativ, genitiv og dativ. På islandsk seier dei hundurinn for "hund" i nominativ, hundinn i akkusativ, hundinum i dativ og hundsins i genitiv.
Felles for alle dei nordiske språka er at vi bøyer personlege pronomen etter kasus. Der er det berre to kasus; nominativ og akkusativ.
På norsk seier vi til dømes eg og meg.
På dansk seier dei jeg og mig.
På svensk seier dei jag og mig.
På færøysk heiter det eg og meg og på Island seier dei ég og mig.
Ganske likt der altså :)
Det trur eg var nok om dei nordiske språka for denne gong :)
-Bloggast :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar